Tilrettelegging språkvanskar
Tid og tempo. Tilpass taletempo i samtalar med elevar som har språkvanskar. Gje eleven ekstra tid til å ta i mot, bearbeide og gje respons.
Kompleksitet i språket. Tilpass lengde på setningar og kompleksiteten etter kva eleven maktar ta i mot.
God lytting. Elevens språklæring får eit betre utgangspunkt ved å redusere bakgrunnsstøy og andre auditive forstyrringar.
Struktur. Tydeleg og ryddig struktur i samtalar og i opplæringa gjer det lettare å ta felles fokus og rette merksemda mot språket.
Visuell støtte. Tankekart, bilete, praktiske døme, film, ordbilete, illustrasjonar, symbol og konkretisering støttar den verbale funksjonen. Elevar som har vanskar med synet kan trenge tydlegare kontrastar eller at den visuelle støtta blir forstørra.
Aktiver forkunnskap. Hjelp eleven til å finne «mentale knaggar» å feste ny kunnskap på.
Repetisjonar. Repeter på ulike måtar og gjerne involver fleire sansar. Omgrep vert danna over tid og får si meining etter den konteksten dei vert nytta i. Jo fleire varierte døme ein nyttar, jo betre kan elevens forståing av ordet bli.
Leik og sosialt samspel. Både frileik og organisert leik saman med andre elevar og vaksne kan auke språkferdigheitene.
Arbeid med språk i naturlege situasjonar og eksplisitt i opplæringa.
Tilrettelegging for et godt språkmiljø | statped.no)
Å vokse med DLD (utviklingsmessige språkforsyrrelser)
norwegian---growing-with-dld-2022-flyer-template-a4-2.jpg (800×1131)
Språkvansker | Språkløyper