Aktivitetsdag 23.mai 2024

Høgdepunktet frå sist veke var aktivitetsdagen torsdag 24.mai, kor vi fekk besøk frå 10.klassingane som hadde gått på skulen vår. Dei fekk ansvar for dei ulike postane, i tillegg til å vere i klasserommet etterpå. Dette er eit samarbeid med Sund ungdomsskule, slik at 7.klassingane som skal byrje der til hausten, fekk seg ein prøvedag på ungdomsskulen. 

Tusen takk for frukt som vart sponsa av Rema 1000 og Bunnpris, samt is frå Spar, Rema og Bunnpris!  Dette gjorde til at vi fekk ein flott avslutning på aktivitetsdagen. Ein strålande flott dag, og heilt fantastisk med så mange flinke ungdom på besøk!