Mat var eit viktig punkt på planen den første dagen for Ludvig. og dei andre i klassen.Ludvig har treft dei fleste i klassen før han møtte opp på den første skuledagen.
- Eg møtte nesten alle på førskuledagen, og eg kjente nokre av dei igjen i dag. Eg gler meg til å få leka med fadderen min. I ranselen har eg med meg nokre Pokemon-kort som han skal få av meg. Eg var veldig spent før eg kom til skulen i dag, men det blir bra, seier Ludvig som er tydeleg på at han gler seg til å få utlevert nettbrett.
Det var rektor Christel Lewington Brown som ønskte både dei 36 førsteklassingane og resten av elevflokken velkomne til nytt skuleår på Stranda skule.
- Hei! Eg heiter Christel og er rektor på skulen. De må gjerne seia hei til meg når de møter meg. Her skal de vera i sju år. Vi trur det skal bli eit eventyr for deg, oss og foreldra. Vi ønskjer å gjera skuleåret godt og trygt for deg. Elevane på sjette trinn er fadrar for dykk. Desse elevane blir de ekstra godt kjende med, sa rektoren.
Kvar klasse helsa og vinka til dei nye elevane på fellessamlinga i Strandahallen. Dei framførte også «Første dag i første klasse».
Første dag i første klasse, det er vi som står her nå
vi skal lære oss en masse, vi sier klar og ferdig, gå (vers 3)
Dei andre elevane (2. - 7. trinn) song for førsteklassingane.Christer Lewington Brown er rektor for ein relativt ny skule. Skulen er nabo til Sund ungdomsskule, og barneskulen deler bruken av Strandahallen med ungdomsskulen. Stranda har 323 elevar og 52 tilsette. Dei 36 elevane på første trinn er delt i to grupper, lilla og gul, leia av Cecilie Ryland og Kristin Skage.
Rektoren har stor tru på bruk av leikande læring der ein lærer det faglege gjennom leik og fysisk aktivitet.
- Elevane må trivast for å læra. Vi er no klar for å bli ein del av helsefremjande skule, seier ho.
Leiar i levekårsutvalet, Ernst Einarsen, var også med på opninga skuleåret på Stranda skule.
Her er fleire bilete:
Tekst og bilete: Vigleik Brekke