På dagtid deltok klassane på fire ulike stasjonar. Dei var på Sjøsportsenteret på Glesnes der dei fekk bruka supbrett, kano, kajakk og ikkje minst bade i det nydelege veret. Ein annan stasjon var i Spildahallen der dei testa ut klatreveggen. I tillegg var det ein aktivitetsstasjon på Kausland med ulike spel, og ein stasjon ved Glesnes skule der dei gruppevis måtte ut på selfie-jakt. Med sol og sommartemperatur gjekk dagen bortimot knirkefritt og alle fekk moglegheit til å prøve seg i dei ulike aktivitetane.
Om ettermiddagen fekk alle elevane eit par timar pause heime, før dei møtte på skulen klare for å overnatte. Alle fekk rigge seg til der dei ville, om det var på jente- eller gutteromma eller i steinhallen. Kvelden gjekk fort og elevane valde sjølv kva dei ville gjere. Nokon var i gymsalen, andre såg film, nokon slappa av på senga si og mange fekk med seg fotballkampen mellom Manchester United og Real Sociedad.
Vi var så heldige å få sponsa kvelds av Rema 1000 i Skogsskiftet så dei som ville fekk også ete kvelds. Det vart faktisk ro til slutt og alle fekk seg litt søvn før vi reiste heim om morgonen. Tusen takk for eit veldig kjekt døgn, og tusen takk til Rema 1000 i Skogsskiftet for at dei spanderte kvelds på oss og til foreldre som hjalp til med køyring, baking og kjøkkenteneste.