
To og to klassar var inviterte til forfattarbesøket, og det var tydeleg at Torkildsen kjenner ungdommen og veit kva som skal til for å engasjera dei. Han starta med opplesing av eit utdrag frå boka “Arrfjes”, som er ein historisk roman, og vidare fortalde han litt om dei andre bøkene han har skrive. Me fekk høyra utdrag frå både den første boka hans “Marki Marco” og den siste som har tittelen “Jernvilje”.
Foredraget blei styrt av spørsmåla til elevane, og for kvart spørsmål fekk dei interesserte og nysgjerrige elevane ein “Arrfjes”-blyant til odel og eige. Det var mange fine spørsmål som blei fyrt av, og Torkildsen svara og fekk fram mykje om korleis det er å vera forfattar, kva som inspirerer han, kva han synest om eigne bøker og kvifor han skriv bøkene sine på nynorsk.
Ein time gjekk fort i godt selskap med Torkildsen, og no er det berre til å nytta seg av skulebiblioteket som har eit variert utval av bøkene hans.