Besøk i CuellarEtter å ha blitt ein Erasmus+ - skule, er det mange ting som må gjerast før me får besøk frå andre land eller me reiser med elevar til dei. Ein ting er å ha eit førebuingsbesøk til landet me skal ha kulturutveksling med.I veke 37 reiste difor Mariann og Karoline til Cuellar, ein skule som ligg ca. to timar nord for Madrid. Det første møtet med skulen var spennande, men også litt overraskande. Skulen heldt nemleg til i ein borg, og har ein heilt annan fasade enn vår eigen skule. Dei fekk sett seg rundt på skulen, og også vore med på eit kjekt foreldremøte. Me gler oss veldig til å ta imot vaksne og elevar i veke 40. Då skal dei få vera med oss i prosjektveka vår. Seinare i haust pakkar me sekken og tar med oss seks tiandeklassingar og seks niandeklassingar for interessante og lærerike dagar i Cuellar! Sist endra 18.09.2024 21.17