Energimessa 2024

Energimessa er ei mønstring der elevar frå barneskular, ungdomsskular og Sotra vidaregåande skule presenterer kunnskap, utforsking og refleksjon. Onsdag 13.03 gjekk startsignalet for årets messe.

Sund ungdomsskule var representert med ein stor stand der det var klimakonferanse arrangert av FN. Elevane som representerte FN hadde med seg representantar frå mange land og organisasjonar, og det var debatt mellom dei ulike representantane. I tillegg blei det heile avbrote av demonstrantar som meinte dei som var på konferansen ikkje brydde seg nok om planeten vår. Den raude tråden gjennom det heile var fokuset på berekraftsmåla til FN og kva som er viktig for å sikra framtida.

Alle elevane som deltok var frå niande klasse, og det som blei vist på Energimessa er eitt resultat av temaveka på niande trinn som har handla om berekraft og klima.

Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete