Erasmus+-besøk

Som ny Erasmus+-skule skulle vi endeleg få ta imot dei første gjestane våre, noko vi har gledd oss mykje til.

Laurdag kveld, etter nokre forsenkingar, kom endeleg elevane vi har venta på. Tolv spanske, glade og spente ungdommar og to litt slitne lærarar, gjekk av bussen i Skogsskiftet og møtte tolv like spente SUS-elevar. Reisa tok totalt 15 timar, så det var nok godt å koma i hus i går kveld. 

Elevane skal vera hos oss heile prosjektveka og delta på ulike aktivitetar som å symja i sjøen, sy kostyme, game, gå Stoltzekleiven og mykje anna. I dag har vi vore på Nordsjøfartmuseet og fått ei omvisning der. 

Tusen takk til vertsfamiliane som stiller opp og gjer alt for at dette skal bli ein suksess!