Flott filmpris til 9A

På sjølvaste 8. mai var det premierefest for elevar frå Sund ungdomsskule, Tranevågen og Fjell ungdomsskule i kultursalen på Straume. Elevane og lærarane deira blei møtt med raud løpar og noko godt å drikke i glaset, og det var feiring av filmar elevane hadde laga som var knytt til boka “Kongen av Sotra” av forfattar Runo Isaksen.

Dette semesteret har 9A hatt leseprosjekt om boka «Kongen av Sotra» av Runo Isaksen. Klassen har lese boka og jobba med skriftlege og munnlege oppgåver undervegs. Forfattaren kom på besøk då elevane var om lag midtvegs i boka. Han fortalde om korleis det er å vera forfattar og om korleis arbeidsprosessen har vore. Då klassen hadde lese boka ferdig, var dei med i ein filmkonkurranse der sju andre klassar i kommunen deltok. Kvar klasse deltok med fleire filmar kvar. Konkurransen handla om å laga den beste filmen eller traileren. Onsdag førre veke var klassen invitert til kåringa på rådhuset. Dette var ei kjekk oppleving, og Eline, Magnus, Emil, Amine og Leon gjekk av med sigeren for beste film. I tillegg fekk to andre grupper i klassen heiderleg omtale for beste manus og morosamste film. Av sju filmar som blei viste, var tre av dei våre, noko vi er veldig stolte av. Elevane er einige om at dette har vore eit kjekt leseprosjekt, og du kan lesa meir her:

Kreativ premierefest for ungdomsskulelevar - Øygarden kommune (oygarden.kommune.no)

Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete