Foreldremøte hausten 2024

I veke 35 blir det foreldremøte for alle trinna.

Måndag 26.08 klokka 18.00: 8. trinn

Tysdag 27.08 klokka 18.00: 9. trinn

Torsdag 29.08 klokka 18.00: 10. trinn

Det er sendt ut innkalling i Vigilo til alle trinna, og i tillegg er det sendt ut eit informasjonsvedlegg der det står mykje nyttig om skulen. Det er lurt å lesa dette slik at ein kan stilla spørsmål på foreldremøta viss ein lurer på noko av denne informasjonen. 

Me ser fram til å møta alle dei fine foreldra til dei unge stolte strilane våre, og gler oss til samarbeidet i året/åra som kjem.