Fredag, altså!

 

For ein magisk septemberdag det vart på fredag! Etter ein ganske trist august, vermessig, så var det fantastisk å endeleg kunne ta 8. klassingane med seg utandørs i finveret og kose oss saman med dei - og det gjorde vi verkeleg. 

Elevane hadde fått melde seg på to aktivitetar dei ønska seg, og kunne velje mellom å bade på stranda, ballspel i bingen, chille på trappa, leik eller sjå på dyr, og heilt frå vi gjekk frå skulen var det god stemning. Det skulle berre mangle i over 20 grader, kanskje, men aktivitetane lokka også fram smil og latter. 


Vi har absolutt hatt ein fin start på skuleåret, men det var ekstra kjekt å kunne bruke ein så fin dag til fokus på relasjonar og sosialt samspel. No er det berre å glede seg til overnattinga.


Tusen takk til Panorama for lånet av det flotte området deira!

Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete