Rodrigo Lisboa frå Brasil har, i regi av Den kulturelle skulesekken, hatt eit graffitiprosjekt på Sund ungdomsskule for 9. trinn.

Alle dei fem niande klassane fekk ein vegg dei skulle dekorera, så då blei både scenen i gymsalen og heile 500-gongen pynta med fargerik graffiti.
Nokre elevar fekk også kunstnaren Rodrigo til å dekorera t-skjortene deira.
Det var kjekke timar og gøy å få vera med på å pynta opp på skulen.
Sist endra 20.03.2025 11.34