Håpet

Sund ungdomsskule har starta eit samarbeid med Tine Andreassen Lopes og organisasjonen Håpet i Brasil. Organisasjonen har som mål å samla inn pengar til eit dagsenter for barn og unge i byen Taubate, utanfor Sao Paulo. Dagsenteret skal hindra at barn hamnar på gata og at familiar blir splitta.

Elevrådet på skulen ønska å ha ein Rosa dag der det også skulle vera eit løp der inntekta skulle gå til Håpet og kreftforeninga, halvparten til kvar. Elevane fekk nære og kjære til å sponsa kvar runde dei sprang, og det enda med at me fekk inn 56 000 kroner på løpsdagen. 

I etterkant av denne dagen kom Tine frå Håpet på besøk til oss. Ho besøkte nokre av klassane på skulen, viste bilete frå Håpet og fortalde kva Håpet var og kva som er målet med dette dagsenteret.  

Me er veldig glade for at me har klart å samla inn så mykje til Håpet og kreftforeininga, og me ønskjer å takka alle sponsorane for pengane. Me håper me kan gjera eit slik løp til tradisjon kvart år.  Her kan de lesa meir om Håpet: HOME | Hapet