Juleballet 2024 var ein kveld med vakkert vinterver sjølv om snøen mangla. Det var kaldt og klart, og det var eit nydeleg syn når den eine ungdommen etter den andre kom i finstasen. Det var stor stemning i gymsalen som elevrådet hadde pynta, og då DJ-en Mathias sette i gong, var ballet skikkeleg i gong. I tillegg fekk me besøk av sjølvaste Ballinciaga - eller var det no verkeleg dei? Det er ikkje alle som liker å dansa og høyra på musikk, så på MOT-rommet var det både sofakrok for samtaler og Playstation 5- konkurransar.
Foreldra stilte med vakter, og det var god stemning, både blant vaktlaga og elevane. Ryddinga gjekk unna i rekordfart, og me har lyst til å takka både elevane som hadde så fin festkultur og foreldra som kom med godt humør og stilte opp som vakter.