Karneval

Fredag før vinterferien er ein fin dag å ha karneval på skulen. Det er ekstra gøy at det skjer noko denne dagen etter åtte lange veker sidan nyttår. 

Elevrådet saman med MOT hadde ulike aktivitetar i utvida storefri; limbo, just dance, open gymsal og quiz i kantina. Det var høg stemning i Steinhallen under limboen, og det var imponerande sterke og mjuke ungdommar som kom under den låge lista på limboen. Her skulle de sett!! Til slutt var det Nora i 10E som vann første runde, medan Sebastian i 9E vann andre runde. Rett og slett sjukt imponerande!

Elevrådet hadde også laga brownies som blei selt, og Daniel, miljørettleiaren vår, hadde premie til klassane på dei ulike trinna som hadde flest utkledde og til dei beste utkledde på kvart trinn. I år var det mange kule cowboyar og gangstarar, men det var Linus i 8B som stakk av med premien på 8. trinn og Henriette 10B på 10. trinn for best utkledde. Her er det berre å “steppe up gamet” til neste år.

God vinterferie til alle!

Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete