Kompani GaldhøpiggenSidan skulestart har klasse 9A og 9E arbeidd med eit prosjekt som har handla om identitet, karakterstyrker, samarbeid og uthald. Dei to siste vekene har klassane vore delt inn i ulike lag i Kompani Galdhøpiggen. Her har dei fått testa viljestyrke, mot og samarbeidseigenskapar i praksis. Det har vore ulike øvingar, som hopp i havet, kamerat-transport, oppstilling, fyrstehjelpskurs og anna. I går hadde vi finaledag og i dag hadde vi dimmefest. Her fekk elevane diplom og kake. Tusen takk til dei som hadde bakt til i dag. Prosjektet går inn i siste fasen no, og neste veke skal elevane reflektere over det dei har lært og erfart i ein refleksjonstekst. Sist endra 20.09.2024 18.46