10. trinn hadde livredning i sjø midt i snøkavet. Årsaka til at ein ønska å utføra dette på dette tidspunktet, er at ein ønskjer å visa elevane kor kaldt det kan vera om ein fell i sjøen om vinteren og visa kva ein skal gjera for å redda nokon som har ramla ut i. Dette er autentisk læring som faktisk kan redda liv.
![](/handlers/bv.ashx/i3c60e838-ace1-4457-9670-c965ceb290ce/w1200/q85405/k99f7aa96206b/3.jpg)
Elevane var både spente og forventningsfulle, men også litt nervøse og usikre på korleis det ville vera å hamna i sjøen i januar/februar. Det var god stemning og flotte prestasjonar i timane, og elevane fekk verkeleg kjenna på meistringskjensle når den eine etter den andre tok seg ein tur ut i sjøen. Elevane fekk trena på både det å bli redda og det å redda andre. Livsviktig kunnskap!
Sist endra 15.02.2024 21.55