Etter å ha besøk frå Spania i prosjektveka vår, var det ei veke etter haustferien vår tur til å pakka kofferten og leggja ut på reise. Her kjem eit lite reisebrev frå Mariann som var ein av lærarane som reiste til Cuellar.
Søndag 20. oktober reiste ein delegasjon frå Sund ungdomsskule på sin aller fyrste mobilitetstur. Turen gjekk til samarbeidsskulen vår, IES Duque de Alburquerque i Cuéllar, ein liten landsby i Segovia-provinsen. Tolv engasjerte elevar deltok – seks frå valfaget Internasjonalt samarbeid og seks spanskelevar frå 10. trinn. Elevane budde hjå lokale vertsfamiliar, noko som gav dei mange nye og verdifulle erfaringar.
I løpet av veka har vi vore på turar til både Segovia og Sepúlveda, i tillegg til å vere på skulen og jobbe med prosjektet vårt. Vi fekk oppleve ein skulekvardag som er ganske ulik den vi kjenner heime, og mange har knytt venskap som vil vare lenge.
Sist endra 29.10.2024 14.10