I Trondheim fekk me høyra sterke forteljingar frå ungdom med MOT, tilbakeblikk på MOT si historie og songtekstar som tar for seg dei viktige verdiane til MOT.
Kjerneverdiane for MOT-arbeidet er MOT til å leva, MOT til å bry seg og MOT til å seia nei. Dette er verdiar ungdomsskulane i Øygarden kommune jobbar med i MOT-øktene sine, og målet er robust ungdom som bryr seg og har mot til å seia nei. Me ønskjer ungdom som står opp for seg sjølv.
Det blir foreldremøte med MOT på Sund ungdomsskule 25.10. Dette er eit foreldremøte med påmelding, og de får nærare informasjon når det nærmar seg.