Vi har vore så heldige å fått besøk av Henriette frå “Forskning til folket” som har spelt teater for 8. og 9. klasse no i haust.
Det har vore veldig kjekt å få moglegheita til å sjå og delta i eit teaterstykke som dekker fleire viktige kompetansemål i læreplanen i naturfag. Stykket vi har sett heiter “LactoLise og Clostrude - bestevenner for bestandig” og handlar om korleis bakteriefloraen i tarmen, og den fysiske helsa vår, blir påverka av korleis ein har det psykisk og kva rolle antibiotika har i dette. Det kom også mange gode spørsmål frå elevane i etterkant av forestillinga. Dette var ein spanande og fin måte å illustrere for elevane korleis stygge kommentarar og mobbing kan gi nokon ekte fysiske plager, og korleis antibiotika kan øydelegge bakteriefloraen i tarmen dersom ein bruker det når plagene ikkje eigentleg stammar frå infeksjon. Dette var veldig lærerikt og kjekt å oppleve!
Her kan de lese meir om opplegget: https://forskningtilfolket.w.uib.no/lactolise-og-clostrude-bestevenner-for-bestandig
Sist endra 09.12.2024 20.57