Ny MOT-ambassadør frå Øygarden
Kvart år reiser det nokon frå Sund ungdomsskule på eldsjelsamlinga til MOT i Trondheim, I år var det MOT-coachane Karina, Daniel og Hedda saman med avdelingsleiar Karoline Øvretveit som var dei som fekk reisa.

Akkurat i år var det veldig spesielt, for då blei Daniel Grindeland frå Øygarden og Absence Crew utnemd til MOT-ambassadør. Han har ei sterk historie om utanforskap i ungdomstida, men der han har klart å snu det heile til no å vera i verdstoppen i breakdance. Daniel har tidlegare vore på Sund ungdomsskule og lært nokre av elevane våre litt breakdance, og i fjor var me så heldige at me fekk sjå den flotte forestillinga til Absence Crew “Norr - da gudene breaket”.
Elles var det mykje fagleg påfyll for dei vaksne, og det saman med nydeleg ver, eit forrykande show og mange flotte folk, gjorde at opplevinga blei skikkeleg bra!
Sist endra 09.09.2024 18.43