Overnatting med 8. trinnEtter fem veker med tema “Ny på ungdomsskulen”, avslutta vi perioden med overnatting på skulen for 8. trinn. Dette var noko mange hadde gleda seg lenge til, så det var knytt mykje spenning til kvelden. Vi opna alle klasseromma til 8. klasse, samt at aulaen vart fylt med madrasser i alle variantar, dyner, puter og ikkje minst koseklede. Det var reir i alle fasongar. Gjennom kvelden hadde vi ulike aktivitetar som quiz, grip mikrofonen, skrekkfilm, Playstation og full guffe i gymsalen. Det skulle vere noko for ein kvar smak - akkurat som koldtbordet foreldra laga til. For eit kveldsmåltid! Tusen takk til alle som bidro til det! Det sette både vaksne og elevar stor pris på. Det var tydeleg at elevane er blitt ganske godt kjent med kvarandre, for det var høg stemning frå første stund, og den varte til lyset vart sløkt. Dei brente nok mykje energi i løpet av kvelden, så det var ei overraskande stille vakt når alle var sovna i god tid før klokka 01.00. Så då er det berre til å glede seg til prosjektveka! Sist endra 24.09.2024 21.19