21. mars var den store Rockesokk-dagen som i år hadde temaet: "Knus fordommene!" Rockesokk-dagen er den internasjonale dagen for Downs syndrom, og den blir feira over heile verda.
Her på Sund ungdomsskule er me opptekne av å ha eit samfunn som set pris på og verdset mangfald. Det er difor naturleg for oss å setja fokuset på den store Rockesokk-dagen. Miljørettleiaren vår, Daniel, tok seg ein runde inn i alle klassar for å sjå om det var mange som var med på denne markeringa. Og det var det verkeleg! Vinnaren i år blei 9C der alle elevane hadde på seg to ulike sokkar. Me gratulerer!
![](/handlers/bv.ashx/i146c7d05-061f-455c-8219-ebe2da8856ad/w1200/q86062/kb63cb2800586/rockesock-2.JPG)
Sist endra 27.03.2024 09.50