Rosa dag og innsats for andre 2024 Elevrådet gjentok suksessen frå i fjor då dei arrangerte Rosa dag med innsats for andre til inntekt for “Sammen for små helter” og Håpet, ein organisasjon som arbeider for unge som har det vanskeleg i Brasil. Denne dagen er det ei rosa sky av rosakledde ungdommar og vaksne på Sund ungdomsskule, og mange har pynta seg ekstra fint. I takt med alle dei rosakledde skein sola som bestilt og bidrog til god stemning då elevane var ute og gjennomførte løpet. Ikkje berre var det god stemning ute, det var også god stemning inne når det var sal av muffins og musikk i Steinhallen i eit utvida storefri, eit storefri som toppa seg heilt då ein jentegjeng frå både 8., 9. og 10. trinn avslutta “Grip mikrofonen” med song og dans til “Bare så du vett det”. Då er det med ei ekstra god kjensle vi tar helg. Vi set veldig pris på alle som har vore med å støtta arrangementet til elevrådet. Tusen takk! Sist endra 20.10.2024 19.11