God humor skapte god stemning i salen.Rektor Anne Hufthammer seier at dette er den femte prosjektveka på ungdomsskulen, dette året med namnet «Stolt ung stril» med undertittel «På lag».
Det var nærast som ein raud tråd gjennom det tre timar lange programmet at her er både elevar og tilsette på lag og stolte av skulen sin og bygdene sine. Dei vaksne på skulen har valt ut ei rekkje tema og laga til grupper som elevane i prioritert rekkefølgje kunne velja å vera med i. Den vanlege undervisninga vart lagt vekk denne veka. No handla det om å gjera noko viktig og kjekt i lag.
- Me har lyst til å vera «strila» som er på lag, og denne veka har me verkeleg vore det. Spennet er stort, frå fjæra til fjellet, ute og inne, på bygda og i byen. I tillegg skal de få sjå ein landskamp i kveld. Me har hatt besøk frå Spania denne veka, og det skal bli artig å sjå kva lag som er best, sa rektoren då ho ønskte velkomen til storsamling på Panorama.
Det var fullt hus i Panorama torsdag kveld.Nye vener
Og fest og mønstring vart det. Elevane viste både på scena på skjerm kva dei har opplevd denne veka. Mira Gjesholm Hestad gler seg over det ho kan sjå tilbake på.
- For min del hamna eg i gruppa «Frå fjæra til fjellet». Eg hadde eigentleg sett opp ei anna gruppe som førsteprioritet, men vi hadde det kjempekjekt i gruppa. Vi har prøvd oss på Stoltzen, vi har vore til Livets Portal ved Telavåg og grilla på Kleppe. Eg har opplevd at dette har gjeve oss betre samhald. Vi har blitt betre kjende med kvarandre, seier Mira som i tillegg har brukt tid på å førebu seg på å vera konferansier.
- Denne veka var viktig for samhaldet, seier Mira Gjesholm Hestad.Rektor Anne Hufthammer viser til visjonen for skulen «Stolt ung stril - med røter i fjæra og retning mot framtida» når me spør henne om kvifor skulen gjennomfører denne prosjektveka.
- Me er veldig stolte over visjonen vår. Logoen viser kunnskapstreet i skråme, tang og tare. Røtene er her, men vi har retning mot framtida, seier rektoren.
Ordførar Tom Georg Indrevik fekk æra av å avslutta kvelden. Han viste til Emma på Sund ungdomsskule i 2019 som på video så stolt snakka om bygda si. Han helste også til dei 12 elevane og lærarane frå Spania som har vore gjester på ungdomsskulen dei siste dagane som ein del av Erasmus-prosjektet.
- Det er flott at vi har hatt dykk her denne veka. Og gratulerer med spansk siger i landskampen, sa ordføraren.
Landskampen gjekk ut på at eín elev frå det spanske laget og eín frå det norske laget raskast mogleg skulle rulla ut ein dorull. Det vart ein knepen siger til Spania.
Men djupast sett var vinnarane denne kvelden alle elevane og dei tilsette på Sund ungdomsskule som viste lagarbeid av beste sort. Gratulerer!
Her er fleire bilete:
Tekst og bilete: Vigleik Brekke