Sølvjentene

Endeleg var det jentene sin tur til å delta i skulecupen, og det var ein gjeng spente jenter som reiste av garde for å forsvara skulen si ære.

Sund - Tranevågen 2-1

Første kamp mot Tranevågen startar med stort ballinnehav og høgt press frå Sund-jentene. Etter mange kvalifiserte sjansar får dei endeleg hol på byllen når Ine ekspederer kula sikkert i mål. Ikkje lenge etter doblar Emily leiinga til 2-0, og sigeren verkar trygg.

2-0 er, som mange seier, ei farleg leiing, og mot spelets gang reduserer jentene frå Ågotnes til 2-1 etter ein ball i bakrom, som spissen frå Tranevågen set kontant i mål åleine med Sund-keeper Tuva. Sund-jentene står imot i dei hektiske sluttminutta og drar i land ein viktig siger.

Andre kamp i gruppespelet

I den andre kampen i gruppespelet sto Rongs beste jenter på motsett side. Sund startar i ein 3-5-2-formasjon, noko som raskt gir utteljing. 1-0 kjem når Maia rykkjer seg gjennom Øygarden-forsvaret i rein Klæbo-stil og trillar ballen iskaldt i det lengste hjørnet.

I andre omgang held Sund-jentene fram med flott spel og mykje ballinnehav. Midtvegs i andre omgang kjem truleg årets mål i fotballhallen med det blå taket. Emily får ballen på 25 meter, ladar høgreslegga og sender av garde eit prosjektil som treff heilt øvst på det vertikale metallet før det smeller i nettmaskene. «Det er alltid ledig i krysset» – ein «bænger» av eit mål, like catchy som ein DDE-låt.

Kampen endar 2-0, der forsvaret ved Tuva, Victoria, Mira og Amalie har full kontroll gjennom heile kampen. Ingen hadde heva eit augebryn om keeper Tuva hadde søkt arbeidsløysetrygd etter denne kampen, for ho var knapt borti ballen.

 

Tredje kamp – puljefinale

I tredje kamp var det duka for puljefinale mellom to ubesigra lag. Sund fyk ut av startblokkene og sjokkerer vertane frå Bildøy. Sund sin "Fox in the box", Ine, set inn 1-0 etter flott spel i forkant. Gjestene frå Sund held fram med flotte kombinasjonar og solid press. Mot slutten av første omgang curler Nora eit perfekt vekta innlegg inn mot første stolpe, der Vilde krigar kula i nettet – 2-0 til Sund.

Fjell kjempar seg inn i kampen og kjem til fleire store sjansar mot slutten av omgangen. Tuva må ut i full strekk når ein Fjell-angripar kjem åleine gjennom. På returen ligg Tuva kattemjukt i vater og avvergar nok ein gong – ei strålande dobbeltredning som gjer at stillinga til pause er 2-0 til Sund.

I andre omgang held vertane i blått fram med å presse jentene frå Sund lågt i bana. Reduseringa kjem etter mykje klabb og babb i feltet. Berre nokre få minutt seinare er utlikninga eit faktum etter eit innlegg frå høgre – 2-2. Med uavgjort var Sund sikra finaleplass, i likskap med Fjell. Etter nokre svært spennande sluttminutt kunne Sund-jentene juble for å ha nådd finalen!

Finalen

Finalen endar i eit antiklimaks då vertane frå Fjell avgjer kampen allereie i første omgang. Ein sliten Sund-gjeng klarer ikkje å krige seg inn i kampen og taper til slutt 3-0. Dei kan likevel vere stolte over prestasjonen – mykje bra spel og flotte mål!

 

Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete