Vi møtte grytidleg på Flesland og var i Oslo sentrum klokka 10.00 så då fekk elevane to timar til å gjere det dei ville før vi møtte på Stortinget. Der blei vi møtt av ein hyggeleg mann som følgde oss i tre timar på Stortinget. Vi måtte gjennom sikkerheitskontroll før vi fekk kome inn.
Den første halvdelen av besøket var omvising. Då fekk vi ei lita førelesing om korleis det politiske systemet i Noreg er bygd opp, I tillegg fekk vi besøke Stortingssalen, vandrehallen og Eidsvollgalleriet der vinnaren av Nobels fredspris og andre offisielle gjestar skriv i gjesteboka. Fleira av stortingsrepresentantane dukka også opp i gangane.
Besøket på stortinget blei avslutta med læringsspelet der elevane skulle danne eigne parti og ha avstemming. Etter besøket på Stortinget fekk elevane nokre timar fritid.
Alle elevane sa dei hadde hatt det kjekt, og vi vaksne opplevde å ha med oss 27 ungdommar som representerte Sund ungdomsskule på ein god måte. Vi var stolte!