Turdag

Tysdag 22.08 var det tid for turdag for heile skulen. Denne gongen var det mogeleg å gå frå skulen til Kleppeaksla og vidare til Veten før ein gjekk ned til skulen att. Eit anna alternativ var å gå Kleppeaksla og tilbake, eller ein kunne gå ned mot skulen før ein gjekk opp til Veten. For dei elevane som ikkje kunne gå så langt grunna sjukdom, skade eller andre ting, var det tur til gitaren der det var bålkos og hygge.

Dagen starta med ein skikkeleg regnskur og det såg ei stund mørkt ut med tanke på at me skulle til fjells, men når turen starta stoppa regnet! Det blei ein fin dag. Temperaturen var god, og det var eit perfekt ver for tur om ein ser vekk frå myggen som sverma rundt om ein stod i ro. 

For fleire blei det gjørmebad og litt knall og fall, medan andre hadde som mål å vera først på Veten og gav alt på veg oppover. Me møtte mange blide fjes og elevar som utfordra seg sjølv slik stolte unge strilar skal! 

Her kjem ein liten biletkavalkade frå turdagen:

Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete