
Det var Åsmund Røed frå Barnevakten som hadde to økter med to klassar om gongen, og han hadde eit veldig interessant foredrag. Det handla om ungdom på nett der han tok opp ulike tema som algoritme og mobilbruk, søvn, biletdeling, mobbing på nett, retusjering av bilete og kva det gjer med sjølvbileta våre og kor viktig det er å vera inkluderande og greie med kvarandre, også på nettet. Han snakka i tillegg litt om gaming, og utfordra foreldra til å interessera seg meir for kva ungdommane held på med på nettet.
Etter ein pause var det gruppesamtale der tre ungdommar og tre vaksne diskuterte ulike emne, og det var interessant å høyra om det etterpå.
Tusen takk til Åsmund Røed og FAU for ein fin og lærerik kveld.

