Pernille Ulvøy (til venstre) og Kine Ekerhovd har funne ei løysing på korleis vi kan redusera matsvinnet.Naturfaglærar Oda Bueie Dalin vart inspirert av Energimessa på Sartor Storsenter sist veke. Der deltok også Sund ungdomsskule, men med den lokale varianten dei siste dagane fekk 70 elevar, stort sett to og to, oppgåver med å finna draumeprosjekt som løyser utfordringane knytt til klima og berekraft.
Elevane skulle laga ein presentasjon av eit produkt, teneste eller ein form for idé til korleis ein kan bidra til å gjera samfunnet meir berekraftig. Lokale «investorar» gjekk rundt i klasserommet og fekk informasjon om dei ulike prosjekta før dei fordelte investeringsmidlane dei hadde tilgjengeleg.
- Vi hadde kort tid på oss og gjennomførte prosjektet med teoridelen og den praktiske delen parallelt. Dette har ikkje kosta oss fem øre. Vi har brukt dei ressursane vi allereie har på skulen. Målet er at elevane skal verta samfunnsengasjerte borgarar. Eit godt lærarteam rundt meg bidrog til at vi fekk laga ei lokal energimesse, seier Oda Bueine Dalin som underviser i naturfag for klasse b, c og d.
Nokre grupper presenterte prosjekt knytt til energi, medan andre hadde prosjekt som handla om avfallshandtering og matsvinn.
Lærar Bueie Dalin sette seg inn i alle elevarbeida og gjekk rundt til alle elevane og fekk orientering om prosjekta.Mykje mat vert kasta
Pernille Ulvøy og Kine Ekerhovd er uroa over at mykje mat vert kasta. I deira prosjekt «Not2Waste» er det laga til ei heimeside der forretningar kan annonsera matvarer som er i ferd med eller er gått ut på dato.
- Varene kan vera gratis eller til ein svært låg pris. Folk kan bestilla varene på nettet og gå på butikken og henta dei seinare, seier Pernille.
Elevane ser for seg eit samarbeid med lokale matvareforretningar som Kiwi, Rema 1000 og Spar.
- Forretningane sender oss annonser som vi legg ut på nettsida. Det kan vera varer som er gått ut på dato eller varer som ikkje ser så fine ut, men som er godt brukande. Døme på dette kan vera eple. Eg kjenner folk som slit med økonomien og som heilt sikkert vil gle seg over at dei får ha mat på bordet, seier Kine.
Pernille og Kine stadfestar at det vert kasta mat også blant dei unge, til dømes det som ikkje vert ete opp av nistepakken.
- Dessverre hamnar ein del av nista i bosspannet, seier Pernille.
Ein del vaksne «investorar» gjekk rundt i klasserommet for å få kunnskap om prosjekta og korleis dei skulle disponera investeringsmidlane. Ein av dei var kommunestyrepolitikar frå MDG, Andreas Ormevik.
- Prosjekta hadde ein berekraftig ide, gjerne knytt til overforbruk og behandling av boss. Mykje kan gjerast med dette. Det er flott å sjå engasjementet hjå elevane. Dei har treft godt på utfordringane, seier han.
Her er fleire bilete:
Tekst og foto: Vigleik Brekke