- Vi må ta vare på historia

- Det er viktig å vita om dette. Dersom det vert gløymt kan det skje i igjen. Om det ikkje skjer her, kan det skje andre stader i verda. Det seier Simen Singdahlsen som går på niande trinn på Sund ungdomsskule etter å ha sett filmen om Telavåg-tragedien og fått informasjon om det som skjedde i bygda i slutten av april 1942. 

Mudasir Saffa (til venstre) og Simen Singdahlsen utanfor Nordsjøfartmuseet - Klikk for stort bileteMudasir Saffa (til venstre) og Simen Singdahlsen utanfor Nordsjøfartmuseet

Besøket på Nordsfjøfartmuseet den 23. januar og utstillinga no sist 20. februar var ein del av samarbeidsprosjektet «Til ungdommen». Det heile kom i stand etter initiativ frå Sund Sogelag. Nordsjøfartmuseet og Sund ungdomsskule vart med på dette og at det vart søkt om støtte frå Landslaget for lokalhistore. Heile niande trinn er med på prosjektet.

- Eg er imponert over det ungdomane har laga til. Dei har klart å ha fokus på eit alvorleg tema, seier leiar i sogelaget, Gerhard Inge Storebø. 

Besøkte tre museum

Gjennom prosjektet har elevane lært om konfliktar, krig og krigshistorie. Elevane har trent på global konfliktløysing gjennom spelet “World peace game”. Dei har sett filmen om evakueringa av Finnmark under andre verdskrigen «Lengsel etter nåtid». Dei fem klassane har besøkt Gestapomuseet, Bergenhus festningsmuseum og Nordsjøfartmuseet.

- Vi har også vore så heldige at Ivar Steinsland har delt nokre minne og erfaringar frå korleis det var for lokalmiljøet i tida etter andre verdskrigen og snakka om korleis det var å vera skuleelev på denne tida. Det var ekstra stas at dette gjekk føre seg i den nyrenoverte skulestova på Berge, seier avdelingsleiar på Sund ungdomsskule, Karoline Øvretveit, som sit i prosjektgruppa saman med Gerhard Inge Storebø (sogelaget, Mette Jacobsen (sogelaget), Joakim Gusland (Nordsjøfartmuseet) og Jenny Heggvik (Nordsjøfartmuseet).

Karoline Øvretveit og Joakim Gusland i samtale med elevar på Nordsjøfartmuseet - Klikk for stort bileteKaroline Øvretveit og Joakim Gusland i samtale med elevar på Nordsjøfartmuseet.

Prosjektet vart avslutta torsdag 20. februar på Nordsjøfartmuseet der elevane viste fram det dei har fordjupa seg i arbeidet med krig og krigshistorie. 

Leiar på museet Jenny Heggvik reknar med at 250 personar var innom denne torsdagskvelden.

- Eg må gje stor ros til Sund ungdomsskule og særleg lærar Karoline Øvretveit som har stått i spissen for dette arbeidet, seier ho.

Kvinner og barn på Framnes

Under mønstringa på Nordsjøfartmuseet møtte vi Celina Kantchev, Nora Eide Normann og Emily Marie-Ludvigsen. Dei fortalde om kvardagen for kvinnene og barna som var internerte på Framnes frå 1942 til 1944 etter at Telavåg-bygda vart sletta med jorda i april/mai 1942.

Frå venstre; Celina Kantchev, Nora Eide Normann og Emily Marie-Ludvigsen. - Klikk for stort bileteFrå venstre; Celina Kantchev, Nora Eide Normann og Emily Marie-Ludvigsen.

- Dei var under tysk kontroll, men barna fekk undervisning og kvinnene fekk halda på med diverse handarbeid. Dei levde i uvisse om kva som skjedde med mennene i tysk fangenskap. Etter krigen kom dei tilbake til ei bygd i ruinar med mange splitta familiar, men dei ville saman med mennene som overlevde tysk fangenskap, byggja opp bygda, fortalde elevane.

- Korleis har de opplevd arbeidet med prosjektet «Til ungdommen»?

- Det har vore kjekt og lærerikt. Eg synest det var svært urett at tyskarane ville skilja barna over seks år frå foreldra før dei kom til Framnes. I dette prosjektet har vi lært kva som er sant om krigen, seier Celina Kantchev.

Nora Eide Normann er frå Telavåg og to av oldemødrene hennar er på eit stort bilete på utstillinga på Nordsjøfartmuseet.

- I arbeidet med prosjektet har eg lært mykje nytt. Blant anna har vi lært at på Framnes fekk kvinnene vera med på forskjellige aktivitetar, seier ho.

Emily Marie-Ludvigsen har familie som har budd i Telavåg.

- Det er viktig at vi lærer om dette. Det må ikkje skje igjen. Ved å arbeida med dette kan vi hjelpa til at noko slikt ikkje skjer igjen, seier ho.

På utstillinga på Nordsjøfartmueet er det eit stor bilete av dei som var på Framnes frå 1942 til 1944 - Klikk for stort biletePå utstillinga på Nordsjøfartmueet er det eit stor bilete av dei som var på Framnes frå 1942 til 1944.

Dei kriga for landet og Telavåg

Mudasir Saffa er ein av elevane på niande årstrinn. Vi møtte han etter at elevane hadde sett filmen om Telavåg på Nordsjøfartmuseet den 23. januar. Då hadde også museumspedagog og konservator Joakim Gusland gjeve elevane innføring i Nordsjøfarten og tragedien i Telavåg.

- Det er ein miks av kjensler. Det er fascinerande å høyra om korleis dei vågde å reisa over til England i skøyter. Dei hadde jo dårleg utstyr. Folket var sterkt, og dei kriga for landet og Telavåg, seier han.

Han meiner dette er ei viktig historie som nye generasjonar må få kunnskap om.

- Vi bur i dette området, og det er viktig med historisk kunnskap. Folk må få vita meir om kor grufullt det var. Eg trur ikkje at det er så stor fare for at det kan skje igjen, men er det er viktig å ta lærdom av det.

Han reagerer på represaliane frå tyskarane.

- Eg meiner dette var unødvendig og urimeleg å hemna seg på uskuldige, slik dei gjorde.

Alle elevane har delteke i prosjekt med elevarbeid. Her viser dei fram korleis eit sentralt bygg i Sachsenhausen såg ut. Til høgre; leiar i Sund Sogelag, Gerhard Inge Storebø - Klikk for stort bileteAlle elevane har delteke i prosjekt med elevarbeid. Her viser dei fram korleis eit sentralt bygg i Sachsenhausen såg ut. Til høgre; leiar i Sund Sogelag, Gerhard Inge Storebø

Må ta vare på historia

Simen Singdahlsen seier at det er tøft å tenkja på at heile Telavåg-bygda skulle gjennom dette (hemnaksjonen).  Besteforeldra mine, som budde i ei nabobygd, såg røyken frå Telavåg. Det var ikkje rett at mennene skulle bli ført vekk til konsentrasjonsleirar, seier han.

Han meiner det var tøft gjort av dei unge mennene å verva seg til krigsteneste for dei allierte. 

- Dei gjorde dette sjølv om dei visste lite om kva dei gjekk til. Denne historia må vi ta vare på, seier Simen.

Som ein del av prosjektet har elevane nytta det interaktive spelet World Peace Game. Der lærer elevane å løysa og transformera konfliktar med mål om fred.

- Vi spelar forskjellige roller. Det handlar mellom anna om FN og våpenhandel. Vi må løysa krisene for å sikra fred, forklarar dei to. 

Karoline Øvretveit seier at dette er eit fysisk spel der elevane får tildelt roller i ulike land og sentrale internasjonale organisasjonar som til dømes FN og Verdsbanken. 

- Deretter får dei 21 globale kriser dei må løysa for å oppnå fred. Alle fem klassane har gjennomført dette spelet og fått ei forståing for kvifor krigføring er komplekst og kan vera vanskeleg å løysa. Vi ønskjer at elevane skal sjå parallellar mellom ulike konfliktar og sjå årsak, verknad og konsekvensar av krig, seier ho.

Elevarbeid - Klikk for stort bilete

Den 20. januar såg elevane filmen «I lengsel etter nåtid» på Odeon Kino Sotra. Denne filmen handlar om ei ung kvinne som prøver å finna sin eigen veg trass i sterke opplevingar under andre verdskrigen der heile Finnmark og Nord-Troms vart lagt i ruiner.

Elevane har også vore på besøk på Gestapomuseet i Bergen og Bergenhus festningsmuseum.

Då elevane på Nordsjøfartsmuseet den 23. januar fekk dei sjå filmen «Tragedien i Telavåg». Dei såg også utstillinga og arbeidde med konkrete oppgåver.

Tragedien i Telavåg

Museumspedagog og konservator Joakim Gusland orienterte elevane om Nordsjøfarten og tragedien i Telavåg. Han sette det heile i eit større perspektiv og viste til situasjonen i landet før krigen braut ut 9. april der det det norske styringssystemet vart skifta ut med diktatur.

Frå fellessamling den 23. januar. - Klikk for stort bileteFrå fellessamling den 23. januar.

Det vart etablert kommunikasjonslinjer ut av landet. Telavåg var ei av fleire sentrale bygder i nordsjøfarten. I to-tre år vart det nytta fiskeskøyter for å frakta flyktningar ut av Noreg og sabotørar og våpen tilbake til Noreg for bruk i motstandskampen.

- Telavåg var ein plass dei sette i land agentar, og i april 1942 gøymde to agentar seg i eitt av husa. Dei vart oppdaga, og det oppstod ein dramatisk skyteepisode på lemen i huset til Martha og Lauritz Telle den 26. april. Sjefen for Gestapo i Bergen og nestkommanderande vart drepne, fortalde Joakim Gusland.

Ein norsk agent døyr kort tid etter skadane han vart påført i skotvekslinga, medan den andre vart skadd, pågripen og seinare skoten. Tyskarane gjennomførte represaliar som fekk dramatiske konsekvensar. Alle bygningane i bygda vart brende. Bygda vart utsletta. 

71 av mennene mellom 16 og 60 vart førte til fangenskap i Tyskland. 31 av dei døde i fangenskapet. Kvinner, barn og eldre vart ført til Storetveit skule og seinare til Framnes i Hardanger. Der vart dei verande til 1944.

Her er fleire bilete:

Frå prosjektet. - Klikk for stort bilete
Frå prosjektet. - Klikk for stort bilete
Frå prosjektet. - Klikk for stort bilete
Frå prosjektet. - Klikk for stort bilete
Frå prosjektet. - Klikk for stort bilete
Frå prosjektet. - Klikk for stort bilete
Frå prosjektet. - Klikk for stort bilete
Frå prosjektet. - Klikk for stort bilete
Frå prosjektet. - Klikk for stort bilete
Frå prosjektet. - Klikk for stort bilete
Frå prosjektet. - Klikk for stort bilete
Frå prosjektet. - Klikk for stort bilete


Tekst og bilete: Vigleik Brekke