Vinnarar av "Mest pulikumsvenlege stand"!
No er me skikkeleg stolte av dei flotte elevane våre som stakk av med den gjeve tittelen “Mest publikumsvenlege stand” på Energimessa 2024.
![](/handlers/bv.ashx/i94fc0a32-b7ad-409b-9441-bb378049f13d/w1200/q85914/kebea4866e26f/publikumsprisen.jpg)
I grunngjevinga frå juryen la dei vekt på at konseptet var noko heilt for seg sjølv, og det inviterte publikum inn til samtale og diskusjon. I tillegg viste elevane våre mykje kunnskap om emnet berekraft. "Demonstrantane" som kom inn i løpet av forestillinga fekk også litt ekstra skryt for det som dei gjorde.
Det er berre til å gratulera til dei flinke og engasjerte elevane og til alle dei gode lærarane. Ein ekstra takk til Helena, Andreas og Karoline som var med på Sartor og hadde hjelpt elevane i forarbeidet.
Sist endra 14.03.2024 22.28