Vitnemålsutdelinga

Onsdag 19. juni var det vitnemålsutdeling for 10. trinn i Strandahallen.

Tradisjonen tru er vitnemålsutdelinga ein høgtideleg seremoni der me heisar flagget og har ein festkveld. 

Seremonien er i Strandahallen og den er todelt.  Den første delen består av taler, helsingar og musikkinnslag medan del to er sjølve vitnemålsutdelinga. Det er rektor som deler ut vitnemåla medan kontaktlærarane deler ut ei rose til kvar elev. I pausen var det eit bugnande kakebord som foreldra bidrog med, og det var både smil og tårer å sjå gjennom kvelden.

Eit kapittel i livet til ungdommane er no over, og det ligg mange blanke sider framføre dei som me håper dei vil fylla med mot, klokskap og glede. Me takkar dei føresette for lånet av dei flotte ungdommane deira, og gratulerer elevane med vitnemålet. Me ønskjer våre stolte unge strilar lukke til i framtida. Gjer oss stolte!