Volleyballturnering i Strandahallen

Det er tradisjon for Sund ungdomsskule å ha aktivitetskveld med volleyballturnering i Strandahallen med dei ulike trinna, og etter ein slik vellykka kveld vi hadde på torsdag tenker vi at dette er ein fin og viktig tradisjon å halde fram med. Det var god stemning frå start til slutt, og vi ser at det betyr noko for fellesskapen i klassane.

Det stilte fem jentelag og fem gutelag, og alle spelte mot alle slik at det blei fire kampar på kvart lag. Til slutt var det 8C som stakk av med sigeren på både jente- og gutesida, som betyr at dei skal spele mot 9. trinn litt seinare i vår. Det som var ekstra kjekt å sjå var at elevane var skikkeleg flinke til å oppmuntre og heie på kvarandre - sjølv om det ikkje alltid var like lett å halde humøret oppe når ballen gjekk i golvet på feil side av nettet. Jentene i 8A hadde ein ekstra engasjert heiagjeng i gutane som feira kvart einaste poeng dei tok. 

Tusen takk til foreldra som stilte som både kjøkkenhjelp og dommar til kampane, vi hadde ikkje klart det så fint utan! Då flyt alle arbeidsoppgåvene; taco blir servert, vaflar blir steikt, kjøkkenet blir strøkent og vi får sjans til å hjelpe ungdommane som treng det undervegs gjennom kvelden. Tusen takk til alle for ein skikkeleg vellykka kveld!

Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete