Frisbeegolf bane

FAU, ved FAU-leiar, sendte i vår søknad på nærmiljømidlar for å kunne bygge ei frisbeegolf bane rundt skulen. Kroner 32.000,- tilskot frå kommunen!

Denne veka fekk FAU beskjed om at dei var tildelt kr. 32.000,- i tilskot for å kunne byggje ei bane!
Veldig kjekt for nærmiljø og skule! 

No gjenstår "berre" å få inn resten av finansieringa til bana, dugnad og papirarbeid for godkjenning av å bruke nærområdet til bane!

Dette blir veldig bra!