Lucia ved 1. klasse og litt informasjon framover mot jul

1.klasse starta dagen for oss alle med stemningsfull Luciasong, og og utdeling av lussekattar. Dette har dei nok øva lenge på! For oss som fekk gleda av å høyre på var det ein stemningsfull måte å starte dagen på! Tusen takk 1. klasse!

Tusen takk til kontaktlærar Gunn, som før nokon av oss andre var kome på skulen, var på plass  og baka lussekattar til alle elevane! 

Lussekattar var baka på førehand av mellomtrinnet, lagt i fryser og klare til å takast opp. Uheldigvis var kontakta til frysaren på ein mystisk på blitt tatt ut. Alle lussekattane var øydelagde! Då trådde Gunn til! Til glede for alle elevar!

Julefrukost

Måndag morgon, 14.12.20, er det julefrukost.

Klassekontakter vil pynte og lage klar bord i klasserom til elevane kjem på måndag. Pålegg er samla inn i dag, og ligg klåre til måndag.

Frukosten blir gjennomført på ein smittverntrygg måte både når det gjeld matutdeling og gjennomføring kohortvis.
Elevane peiker på maten og dei vaksne deler den ut.

Julegraut

Måndag 21.12.20 får alle elvane julegraut. FAU spanderer. Gjennomføringa vil her og vere på ein smitteverntrygg måte.

Julegudstjeneste

Tysdag 22.12.20 klokka 09.00. Ei digital julegudsteneste.

Vi pyntar klasserom, elelr der klassa vel å vere, til gudsteneste. Alle trinn startar samstundes klokka 09.00 den digitale gudstenesta, etter at rektor har ringt inn med klokker til gudsteneste. Elevar som ikkje skal vere med i gudstenesta får eit alternativt opplegg. Sjølv om vi ikkje kan vere saman kan vi få ei kjensle av samhald ved samstundes gjennomføring.

Siste skuledag

Tysdag 22. desember 2020. Skulen sluttar til vanleg tid. SFO er open som vanleg.

Første skuledag etter nyttår

Tysdag 5. januar 2021. Til vanleg tid.
 
Ha ei riktig god jul når den tid kjem!

Fotogalleri frå Luciafeiringa

Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete