"Ingen Utanfor"
Tillit, ansvar, lærelyst!
Desse første vekene har vore prega av nettopp tillit, ansvar og lærelyst. Klassene jobbar med å byggje relasjonar, bli kjend med kvarandre, nye vaksne, nye elevar, nytt system og lære av kvarandre.
Skulen er godt i gong med den faglege læringa og, både inne og ute.
Her kan de så nokre bilete av første klasse som har aktivitet i gymsalen, 3.-4. trinn som har uteskuleaktivitetar både rekning, lesing, gatekunst og praktisk med bunnsmøring av båt. Nyte det fine veret. Mellomtrinnet sin ped.dag i kunst og handverk der dei har veva og laga grupperbeid av gamal krabbetønneband.
mellomtrinnet er godt i gong med vennskaperveka si "kompani Laurizen".