Fleire flyktningar til Nautnes

Onsdag kveld kom det 66 nye flyktningar frå Ukraina til Nautnes. Totalt er det no 96 personar som er innkvarterte på akuttmottaket.

Nautnes - Klikk for stort bilete

Mottaksleiar Geir Olav Skorstad opplyser at det kom to bussar frå Råde og to minibussar med flyktningar frå registreringshotellet i Bergen. Av dei som kom i går kveld var det vel 20 barn i tillegg til kvinner og ein del einslege mellom 35 og 60 år.

- Etter at dei første kom klokka 21.30, hadde alle fått mat og kome seg i seng rundt klokka 23. Eg er imponert over medarbeidarane som har gjort ein framifrå jobb, seier Skorstad.

Dei første flyktningane kom til Nautnes 31. mars.

- Akkurat no er det mest behov for syklar, fiskeutstyr og redningsvestar. Dersom nokon kan bidra med dette, ta gjerne kontakt, seier mottaksleiaren. Ring gjerne Olaug på tlf. 902 02 505.

Talet på flyktningar er justert (kl. 11.55).


Foto: Egil Olsvold 
Tekst: Viglerik Brekke