Vil sikra stråletrygg kvardag

Dei sentrale styresmaktene overvaker situasjonen i Ukraina ettersom det går føre seg kamphandlingar nær eit kjernekraftverk i Zaporizizia. Ifølgje Statsforvaltaren vil eit radioaktivt utslepp ikkje føra til akutt helsefare for personar i Noreg, men det kan føra til at næringsmiddel vert ureina.

 

 

Direktoratet for strålevern og atomtryggleik (DSA) overvaker situasjonen og har god kontakt med ukrainske styresmakter og dei Det internasjonale atomenergibyrået (IAEA). Også Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) følgjer situasjonen kontinuerleg.

På grunn av stor avstand, vil eit eventuelt utslepp frå kjernekraftverket fortynnast kraftig før det kjem hit. Det vil såleis ikkje vera nødvendig å ta jodtablettar, og barn og vaksne kan opphalda seg utandørs.

Øygarden kommune har tett dialog med dei sentrale styresmaktene og Statsforvaltaren i Vestland og vil gje informasjon om eventuell endra situasjon og tiltak.

På nettsida til DSA finn du oppdatert informasjon.