10 nye adressenamn til høyring

I medhald av stadnamnlova § 8 sender Namnemynde i Øygarden kommune med dette 10 nye adressenamn til høyring.

Kunngjeringsdato: 27.09.2024
Merknadsfrist: 27.11.2024
Saksnummer: 24/15124
Status: Høyring

Om høyringa

I denne høyringa legg vi ut både vegadresser og områdeadresser. Skilnaden på omgrepa er at vegadresser er knytt til ein veg. Områdeadressene ikkje er knytt til ein veg, men til eit stisystem, eit område eller ein plass. Avgrensing av områda er ikkje endeleg, men kun retningsgivande. Ved ytterlegare utbygging kan det henda at større område vert omfamna av områdeadressa.

Kommunen legg fram desse forslaga til adressenamn (utheva), men vi ønskjer innspel eller andre forslag som høver på stadane.

Områdeadresser:

  • Nordre Bjorøyna – Sauholmen akode 4051 sjå kart
  • Algrøyna – Ånesvika akode 4052 sjå kart
  • Hissøyna – Duøyna akode 4053 sjå kart
  • Blomvågnes – Rambogen akode 4054 sjå kart
  • Hamre – Veten akode 4055 sjå kart
  • Foldnes – Foldnesmarka eller Smalestien akode 4056 sjå kart

Vegadresser:

  • Trengereid – Tibben akode 4057 sjå kart
  • Ågotnes – Ågotneskroken akode 4058 sjå kart
  • Torsvik – Kjøpmannsvågen akode 4059 sjå kart
  • Vik – Splitting av Losemyrvegen: Ingjerbrekka akode 4060 sjå kart

Sjå også vedlagt liste om nærare forklaring av kvar enkelt namn. (PDF, 198 kB)

Lovgrunnlag

Kommunen sitt arbeid med adressenamn er heimla i matrikkelloven §21 og matrikkelforskriften §51. I tillegg har lov om stadnamn med tilhøyrande forskrift reglar for tildeling og skrivemåtar på adressenamn.

Stadnamnlova §8, 3. og 4. ledd:

Eigaren eller festaren har rett til å uttale seg i saker som gjeld skrivemåten av bruksnamn. Eigaren eller festaren har òg rett til å uttale seg i saker som gjeld gardsnamn, når skrivemåten av gardsnamnet skal vere retningsgivande for skrivemåten av bruksnamnet.

Lokale organisasjonar har rett til å uttale seg i saker som gjeld stadnamn organisasjonen har ei særleg tilknyting til. 

Når høyringsfristen er ute:

Stadnamntenesta på Vestlandet (Språkrådet) vil koma med uttale på namneforslaga som vert lagt fram i saka, og fastset skrivemåte etter lov om stadnamn med tilhøyrande forskrift.

Deretter vil administrasjonen i kommunen gjera ei vurdering av innkomne uttalar og innspel, og utarbeida eit saksframlegg til vidare handsaming. Det endelege vedtaket vert kunngjort på heimesida til kommunen. Dei som har gjeve uttale får også vedtaksbrev.

Merknader

Dersom du har forslag til andre namn eller innspel til allereie foreslege namn, kan du senda dette til kommunen via elektronisk høyringssvar, e-post: postmottak@oygarden.kommune.no, eller via brev til:

Øygarden kommune,
Ternholmvegen 2,
5337 Rong

Elektronisk høyringssvar

Hugs å grunngje namneforslaget ditt, og vis til kva for adresseparsell du har sendt inn forslag til. 
Vis til saksnr. 24/15124.