Varsel om oppstart av Detaljregulering for Ebbesvikgavlen, gbnr 45/192 m.fl. - Ebbesvika

I medhald av plan- og bygningsloven § 12-8 vert det varsla oppstart av Detaljregulering for Ebbesvikgavlen, gbnr 45/192 m.fl.  – Ebbesvika. 

Plankonsulent er Holon AS på oppdrag av Soli Eigedom AS.

Kunngjeringsdato: 07.06.2024.
Merknadsfrist: 05.07.2024.
Saksnummer: 22/12142
Arealplan-ID: 20220010
Opne i plankart 
Plandokument 
Status: Varsel om oppstart av plan
Gardsnamn: Ebbesvika

Kort om planen

Det vart halde oppstartsmøte for planen den 13.09.2022. Plan- og miljøutvalet behandla prinsippavklaring om vidare planarbeid i møte 07.03.2024, sak 017/24), og vedtok vidare planarbeid.

Føremålet med planarbeidet er å leggje til rette for utbygging av eit nytt bustadområde med variert bustadstruktur i Ebbesvika. Det er eit mål å etablera bustadar med ulik storleik og med ulike bustadtypar. Ein har ambisjonar om å leggje til rette for eit stadstilpassa og klimavenleg bustadprosjekt. Det planleggast for opp mot 300 nye bustadar i området.  Endeleg tal på bustadeiningar vil avklarast i planarbeidet.

Sentrale tema i planarbeidet vil vere trafikktryggleik til skule, ny veg mellom Straume – Ebbesvika, landskap og terrengtilpassing, naturmangfald, kulturmiljø, friluftsliv, kollektivtransport og flystøy. Planarbeidet legg til grunn at den nye vegen til Ebbesvika frå Straume vert etablert før utbygging av planområdet. Plangrensa omfattar ikkje fylkesvegen til Brattholmen skule.

I kommuneplanen sin arealdel er området avsett til framtidig bustadområde med krav om felles planlegging.  

Planen vil kunne kome til å erstatte delar av følgjande gjeldande planar:

  • Detaljregulering for Ebbesvikneset gbnr 45/4 m.fl. – Ebbesvika, planID: 124620110015
  • 227 RP Ebbesvika, gbnr 45/4, 8 m.fl., planID: 124620070011

Planarbeidet er vurdert til ikkje å utløyse krav om konsekvensutgreiing etter gjeldande forskrift, sjå planinitiativ.

Dokument i saka

Plandokument er tilgjengeleg i kommunen sitt planregister

Saksgong

I denne fasen, kan ein sende inn merknad til oppstart av planarbeidet. Alle merknadar som vert sendt inn skal vurderast av forslagsstillar. Etter at meldingsfristen er gått ut vil plankonsulent utarbeide eit planforslag, som vert sendt til Øygarden kommune for vurdering og saksbehandling. 
Etter 1. gangsbehandling i utval for plan (UFP), vert planen lagt ut til offentleg ettersyn i seks veker. Det vil då vera mogleg å komma med merknader til planframlegget før vidare politisk behandling.

Heile planprosessen kan følgjast via postlistene til Øygarden kommune. Søk etter saksnr. 22/12142.
Søk etter saker

Har du merknader til planarbeidet?

Spørsmål og merknad kan sendast til plankonsulent:

Holon AS
v/Aslaug Sæther
Tollbodallmenningen 2a
5004 Bergen

Eller e-post: post@holon.no / aslaug@holon.no

Alle mottekne dokument, merknadar og liknande vil følgja planforslaget når planen vert sendt til kommunen for behandling.

Frist for å komme med merknad og innspel er satt til: 05.07.2024.