Oppstart og planprogram for Energiparken Sør, planID 20220003

Områderegulering for Energiparken Sør vart vedteke starta opp i utval for plan 08.12.22, sak 177/22. I same vedtak sendte utvalet planprogram for Energiparken Sør ut til offentleg ettersyn og høyring. Vedtaket er gjengjeve under.

NB! Hugs folkemøte måndag 9. januar 2023 i Blomvåg barnehage klokka 18.00.

Kunngjeringsdato: 04.01.2023
Merknadsfrist: 17.02.2023
Saksnummer: 22/6642
Arealplan-ID: 20220003
Opne i plankart: Kommunekart
Plandokument: Planregister
Status: Varsel om oppstart av plan og offentleg ettersyn av planprogram
Gardsnamn: Blom

Vedtak i Utval for plan (UFP)- 08.12.2022- 177/22

  1. Utval for plan vedtek oppstart av områderegulering Energiparken Sør, planID 20220003.
     
  2. Utval for plan fremjer framlegg til planprogram for områderegulering Energiparken Sør, planID 20220003, og legg dette ut til offentleg ettersyn i minst 6 veker.
     
  3. Ved endeleg vedtak av områderegulering for Energiparken Sør, planID 20220003, vil planen overstyre følgjande planar for dei områder planen gjeld:
    - detaljregulering for Northern Lights II, planID 20210011
    - detaljregulering for Naturgassparken, planID 125920150002
    - detaljregulering for Blomenuten bustadfelt, planID 125920120011
    - reguleringsplan for Blom bustadfelt, planID 125920080001
    - reguleringsplan for Kollsnes næringspark, planID 125019970002.
    - reguleringsplan for 300kv jordkabel, planID 125919970001

Planoppstart, og offentleg ettersyn av planprogram, vert med dette varsla i samsvar med plan- og bygningslova sine §§ 12-8 og 12-9. 

Planområdet for Energiparken Sør - Klikk for stort bilete

Områderegulering for Energiparken Sør skal vidare regulere avsett næringsareal i kommuneplanen. Tiltakshavar Naturgassparken Vest AS og kommunen deltek i eit offentleg-privat samarbeid om utarbeiding av planen. Totalt vert det meldt oppstart på 1,6 km2.

Det skal leggast til rette for storskala etableringar innanfor grøn- og berekraftig industri. Aktuell industrietablering i området kan vere produksjon av ammoniakk, lavkarbon hydrogen, batteri eller andre produsentar som nyttegjer seg av karbonfangst- og lagring. Planprogrammet er tydeleg på at etableringar må bidra i grøn omstilling og vere berekraftig.  

Det vert vesentleg å sikre gode samdrift og synergiar mot andre etableringar i Energiparken og Kollsnes. Planområdet er sett stort for å sikre gode buffersoner mot nærområda og verdiar i området. Meir informasjon om planarbeidet er tilgjengeleg i planprogrammet.

Figur 2 Plangrense sett i samanheng med arealformål i kommuneplanen - Klikk for stort bilete

Eit planprogram skildrar den vidare prosessen for planarbeidet og kva krav som stillast til utgreiingar for å sikre verdiar i området. Energiparken Sør skal utarbeidast som ei områderegulering. I områdereguleringar vil det vere krav om konsekvensutgreiing etter forskrift om konsekvensutredninger. Følgjande tema er foreslått konsekvensutgreiia i planen:

  • Kommunalt, nasjonalt og internasjonalt fastsette klima- og miljømål
  • Landskapsbilete og massehandtering
  • Nærmiljø og friluftsliv
  • Naturmangfald
  • Kulturmiljø

Planområdet er stort og kan påverke mange eksisterande eller pågåande planar i Energiparken og Blom. Det er ikkje lagt opp til særskilde endringar i dei fleste av planane. Det vidare arbeidet med Energiparken Sør vil konkretisere trong for eventuelle endringar.

Reguleringsplanar som kan vert meir eller mindre påverka er m.a.:

  • Pågåande prosess på Ljøsøy nord (nord for planområdet) – vidare realisering av næringsareal i detaljregulering for Naturgassparken (planID 125920150002)
  • Pågåande planar om landbasert oppdrett Oksneset i nord – detaljregulering Oksneset (plan ID 125920080004)
  • Pågåande planprogram ny veg Blom-Energiparken
  • Detaljregulering Northern Lights II (planID 20210011)
  • Detaljregulering Northern Lights (planID 125920180001)
  • Detaljreguleringsplan i Energiparken Vest (planID 20210002)
  • Detaljregulering Naturgassparken (planID 125920150002)
  • Reguleringsplan for Blomenuten bustadfelt i sør (planID 125920120011)
  • Reguleringsplan for Mongstad gassrøyrleidning i vest (planID 125920060011)
  • Reguleringsplan for jordkabel langs FV561 - 300 kV jordkabel (planID 125919970001)
  • Reguleringsplan for Blom bustadfelt i sør (planID 125919970001)

Innspel og merknader

Det er opning for å komme med merknader til både oppstart og sjølve planprogrammet. 

Eventuelle merknader og innspel kan formidlast kommunen som:

Me ber om at de ved all kontakt med oss gjev opp saka sitt referansenr. 22/6642.
Høyringsfrist for merknad til oppstart og planprogram er sett til fredag 17. februar 2023.

Planprogram, varslingsdokument og planområde er tilgjengeleg i kommunen sitt planregister

Velkomen til folkemøte!

Tiltakshavar Naturgassparken Vest held folkemøte måndag 9. januar 2023 i Blomvåg barnehage klokka 18.00. I møtet vil det og informerast om Statnett sine planar i området.