Trafikktryggleiksplan - invitasjon til å koma med innspel

Øygarden kommune har starta opp arbeid med ny trafikktryggleiksplan for perioden 2025 – 2029. Trafikktryggleiksplanen skal vere kommunen sitt styrande verktøy i arbeidet med trafikktryggleik. Planen erstattar dei gamle trafikktryggleiksplanane for kommunane Sund, Fjell og Øygarden. 

Kunngjeringsdato: 03.09.2024
Innspelsfrist: 15.10.2024
Saksnummer: 23/16445
Plandokument
Status: Oppstart av plan

Send innspel

Kommunen inviterer no innbyggjarane til å koma med innspel på trafikktryggleikstiltak. 
Frist for å kome med innspel er 15. oktober 2024. 

Her kan du senda innspel via kartløysinga til kommunen

Her kan du koma med innspel om punkt eller strekningar langs vegane du meiner treng betre trafikktryggleik. 

Rettleiar for å plotte innspel i Geodata innbyggardialog (PDF, 836 kB)

Kartløysinga inneheld  eit kartlag som viser alle tidlegare prioriterte tiltak i dei gamle trafikktryggleiksplanane for kommunane Sund, Fjell og Øygarden. Desse tiltaka vil bli vurdert og prioritert på lik linje med innspela som kjem inn i denne innspelsrunden. Vi oppmodar deg derfor til å sjekke dette kartlaget og allereie innkomne innspel, før du melder inn nye innspel. Dersom tiltaket du ønskjer allereie er registrert i kartet, er det ikkje nødvendig å sende inn på nytt. Alle innspela vil bli vurdert og gjeve ei prioritering. Har du tidlegare sendt innspel til kommunen om tiltak, vert det oppmoda om å sende innspel om desse tiltaka på ny gjennom innspelsportalen.  

Ein kan og spela inn innspel knytt til sjøområda, avgrensa til tryggleik ved bruk av offentlege kaianlegg og friluftsliv på sjø. Dette kan t.d. gjelde tiltak på kommunale kaiar (stige, lyssetting osv.), fartsregulering/skilt ved mykje brukte badeområde eller anna oppmerking.

Dersom du heller føretrekkjer å sende innspel via post eller e-post, kan dette sendast til:
Øygarden kommune
Ternholmvegen 2
5337 Rong

E-post: postmottak@oygarden.kommune.no

Merk innspelet med «Trafikktryggleiksplan 2025-2029».

I tillegg til skriftlege innspel, tek vi gjerne imot bilete eller kart kor du har merka dei stadene som innspela dine gjeld. 

Ill. Colourbox - Klikk for stort bilete

Trafikktryggleiksplan

Øygarden kommune arbeider etter nullvisjon om ingen drepne eller hardt skadde i trafikken.  

Trafikktryggleiksplanen skal vere eit styringsverktøy for kommunen og vil omfatte både fysiske og haldningsskapande tiltak på vegnettet. Planen skal også omfatte tryggleik på sjø, avgrensa til tryggleik for bruk av fritidsbåt og offentlege kaianlegg.

Ulykkesanalyse  

Det er utarbeida ein ulykkesanalyse for Øygarden kommune for 10 års-perioden 2013 – 2022.  

Analysen gjev oversikt over politirapporterte ulykker med personskade i vegtrafikken. Ikkje alle ulykker vert rapportert inn til politiet, og kjem følgjeleg ikkje med i statistikken. Det er særleg dei mindre alvorlege ulykkene som er underrepresentert. Dette gjer at det i realiteten er fleire ulykker enn den offisielle statistikken syner, og at det difor kan ha skjedd ulykker på andre stadar enn det som kjem fram i statistikken.

Innspel frå innbyggjarar om hendingar som ikkje er politirapportert er viktig informasjon for kommunen i arbeidet med trafikktryggleiksplanen.  

Vidare arbeid etter innspelsrunden

Etter at fristen for å kome med innspel er gått ut, vil alle innsende tiltak bli kategorisert og vurdert opp mot måla i planen. Det vil bli utarbeida ei prioriteringsliste for tiltak kategorisert på riksveg, fylkesveg og kommunale vegar.

Trafikktryggleiksplanen skal godkjennast av kommunestyret.

Det vert ikkje sendt svar til den einskilde på innsendt innspel, men alle innspel vert oppsummert og svara ut i saksdokumenta.

Sjå alle dokument i saka her

Dokument i saka