Varsel om oppstart av detaljregulering for Tellnes næringspark, gbnr. 53/109 m.fl. – TellnesLytt til tekstenStopp avspillingI medhald av plan- og bygningsloven § 12-8 vert det varsla oppstart av detaljregulering for Tellnes næringspark, gbnr. 53/109 m. fl. på Tellnes. Plankonsulent er Ard Arealplan AS på oppdrag av Tellnes Næringspark Tomt1 AS. Kunngjeringsdato: 21.06.2022 Merknadsfrist: 03.08.2022 Saksnummer: 22/6774 Arealplan-ID: 20220004 Status: Varsel om oppstart av plan Gardsnamn: Tellnes Kort om planen Formålet med planen er å detaljregulere gjeldande reguleringsplan for næringsområdet. Det er aktuelt å vurdere regulering av areal til industri/forretning/kontor kombinert med bygg og anleggsformål og detaljhandel. Det er vurdert at planarbeidet ikkje gjev krav til konsekvensutgreiing. Har du merknader til planforslaget? Innspel kan sendast til: e-post: post@ardarealplan.no eller: Ard arealplan as c/o Spaces Media City, Lars Hilles gate 30 5008 Bergen Merknadsfrist er 03.08.2022. Dokument i saka Referat frå oppstartsmøte (PDF, 16 MB) Varslingsbrev (PDF, 869 kB) Publisert 03.08.2022 23.55