Varsel om oppstart av regulering på Detaljregulering for Fardalen Aust - GBNR 114/194 – Kleppe

I medhald av plan- og bygningsloven § 12-8 vert det varsla oppstart av Detaljregulering for Fardalen Aust - GBNR 114/194 - Kleppe, planID: 20230001. Plankonsulent er Byggadministrasjon Harald Bjørndal AS på oppdrag for Trygge Barnehager AS.

Kunngjeringsdato: 17.01.2023.
Merknadsfrist: 10.02.2023.
Saksnummer: 21/24793
Arealplan-ID: 20230001
Opne i plankart
Plandokument
Status: Planoppstart
Gardsnamn: Kleppe

Kort om planen

Det vart halde oppstartsmøte for planen først den 26.01.2022 også nytt oppstartsmøte den 10.11.2022. Oppstartsløyve vart gjeve i sistnemnde møte. 

Føremålet med planarbeidet er å regulere gbnr. 114/194 til bustad, og er i tråd med KPA. Med tanke på utforming ynsker ein å følge den eksisterande byggeskikken i området, det vil også leggast vekt på grøntområde inne i planområdet, samt leikeplass, privat fellesareal og fortau. Maks antal nye bueiningar i planområdet er 12, og planområdet er vurdert som eit ideelt denne type for utvikling ettersom det medføre ei fortetting i det allereie velutvikla bustadområde. 

Tiltaket er vurdert til å ikkje falle innunder KU-forskrifta § 6 eller § 8. Aktuelle vurderingstema som får spesiell merksemd er pr. no overvatn, støy og trafikktilhøve. 

Kartutklipp son syner planområdets plassering i Øygarden (t.v.) og meir nøyaktig på Kleppe (t.h.) polygon på utklippet til høgre syner plangrensa - Klikk for stort bileteKartutklipp son syner planområdets plassering i Øygarden (t.v.) og meir nøyaktig på Kleppe (t.h.) polygon på utklippet til høgre syner plangrensa

Planstatus

I kommuneplanen sin arealdel er området avsett til bustadformål. 

Utklipp frå gjeldande kommuneplan.  Gult synar bustadføremål, mens grøn farge synar LNF/grønstruktur.  - Klikk for stort bileteUtklipp frå gjeldande kommuneplan. Gult synar bustadføremål, mens grøn farge synar LNF/grønstruktur. Utklipp frå gjeldande reguleringsplanar i området - Klikk for stort bileteUtklipp frå gjeldande reguleringsplanar i området

Dei to gjeldande reguleringsplanane for området er:

Reguleringsplan for gang og sykkelveg - Kleppe - Klokkarvik – Laksen (PlanID 124519980002) og 

Reguleringsendring 14_12 Fardal Kleppe (PlanID 124520050006), korav førstnemnte regulerer område kring fylkesvegen, og sistnemnte regulerer store deler av bustadfeltet.

Reguleringsplan for gnr. 14 bnr. 12 - Fardal - Kleppe (Figur 2) er frå 2005 og seier at gnr.114 bnr.194 er regulert til allmennytta formål (underformål barnehage), mens KPA har avsett planområdet og nærområdet direkte rundt til bustad (Figur 3). I dette høve gjeld reguleringsplanen framføre KPA ettersom den er vidareført gjennom føresegna til KPA for gamle Sund kommune.

Planen erstattar delvis dei nemnte gjeldande planane.

Dokument i saka 

Plandokument er tilgjengeleg i kommunen sitt planregister

Saksgong

I denne fasen, kan ein sende inn merknad til oppstart av planarbeidet. Alle merknadar som vert sendt inn skal vurderast av forslagsstillar. Etter at meldingsfristen er gått ut vil plankonsulent utarbeide eit planforslag, som vert sendt til Øygarden kommune for vurdering og saksbehandling. 

Etter 1. gangsbehandling i utval for plan (UFP), vert planen lagt ut til offentleg ettersyn i seks veker. Det vil då vera mogleg å koma med merknader til planframlegget før vidare politisk behandling.
Heile planprosessen kan følgjast via postlistene til Øygarden kommune. Søk etter saksnr. 21/24793. 

Har du merknader til planarbeidet?

Spørsmål og merknad kan sendast til plankonsulent:

  • Byggadministrasjon Harald Bjørndal AS, Postboks 103, 5649 Eikelandsosen. 
  • Eller e-post: post@byggadmin.no

Alle mottekne dokument, merknadar og liknande vil følgja planforslaget når planen vert sendt til kommunen for behandling.

Frist for å komme med merknad og innspel er satt til: 10.02.2023.