Vedteke adressenamn Arenavegen

Plan- og miljøutvalet i Øygarden kommune vedtok  2. mai 2024 i sak 026/24, adressenamnet Arenavegen som namn på ny veg mellom Straume og Ebbesvika.

Kunngjeringsdato: 14.05.2024.
Klagefrist: 05.06.2024
Saksnummer: 026/24
Arealplan-ID: 20210009
Status: Vedteke adressenamn

Vedtak kan påklagast av dei som etter stadnamnlova § 6 (bokstav a-c), har rett til å ta opp saker om skrivemåten av stadnamn Jf. stadnamnlova § 12 – Klage:

  1. eit offentleg organ og andre som er nemnde i § 1 tredje ledd
  2. eigaren eller festaren i saker som gjeld namn på eige gardsbruk eller eigedom
  3. ein lokal organisasjon med særleg tilknyting til eit stadnamn

Klagefrist er 3 veker frå kunngjering. Det er tilstrekkeleg at klagen er postlagt innan fristen, jf. forvaltningslova §§ 29 og 30. Klaga skal grunngivast og sendast skriftleg til kommunen, jf. forvaltningslova §32.

Klageretten begrensar seg til skrivemåte av namnet, ikkje vegparsellinndeling eller val av namn.

Kommunen handsamar klagen i tråd med gjeldande lovverk. Dersom klagen ikkje vert teke til følgje, vert saka sendt til Klagenemnda for stadnamnsaker. Klagenemnda sitt vedtak er endeleg. 

Klager kan sendast til kommunen:

Klagefrist er sett til: 05.06.2024.

Dokument i saka