Ny rundkjøring på riksveg 555 ved Straume
Tysdag 18. februar opnar ei ny rundkøyring på riksveg 555 mellom Straume og Stekervika i Arefjord.
Rundkøyringa vert etablert like aust for transformatorstasjonen
Foto/skisse: Sotra Link
Rundkøyringa vert laga til for at anleggstrafikk kan koma seg mellom arbeidsområda ved Arefjordpollen og Straume. Målet er at omlegginga skal redusera anleggstrafikk på sidevegane, og at lastebilane ikkje treng å køyra lange avstandar på riksvegen når dei skal køyra mellom anleggsområda.
Det vert manuell dirigering ved den nye rundkøyringa måndag 17. februar frå klokka. 21.00, og fram til ho opnar klokka 05.00.
Les meir på nettsida til Sotra Link.
Publisert 14.02.2025 15.41