Det er likevel fortsatt slik at skulen held seg til det som er kalla gult nivå.
Kommunalsjef for skule i Øygarden har varsla alle skulane at det brått kan verte aktuelt å innføre raudt nivå. Dersom dette skjer, ( raudt nivå) utan at vi direkte har nokon smitta på vår skule, vil endringa vera at skulen/ klassane skal skiljast i mindre grupper / kohorter og ikkje nødvendigvis ha heimeundervisning.
Mange ting kjem brått, mellom anna har 7. klasse nå fått varsel at dei ikkje får reise på den planlagde leirskuleveka før påske.
For å vera budd på evt. brå endringar, gjer vi nokre flyttingar av klasser slik at det vert meir rom / plass for alle både tilsette og elevar. 4, 5. og 7. klasse vert i løpet av veka flytta til klasserom i gamlebygget på Toftøy. Dette er ikkje ei endring til raudt nivå, då heile klassen framleis er samla.