Graffiti på Ulveset

I regi av Den kulturelle skulesekken fekk Ulveset skule besøk av graffitikunstnaren Rodrigo Lisboa frå Brasil, torsdag og fredag i sist veke (13. og 14. mars).

Frå elevarbeid med kunst. - Klikk for stort bileteElevane fekk utfalda seg og laga flotte kunstverk.

Kunstnaren hadde opplæring med klasse 5a og 5b og manøvrerte elevane med tydeleg stemme og særprega strek gjennom ei verd av fargar og sprayboksar. Elevane fekk utfalda seg både innandørs og utandørs på skulebygget, og skapte fantastiske kunstverk under kyndig rettleiing. 

Elevane synte engasjement og interesse for kunsten dei vart ein del av, og Ulveset skule har fått eit estetisk løft.

Her er fleire bilete:

Elevarbeid - Klikk for stort bilete
Elevarbeid - Klikk for stort bilete


 Tekst og foto: Eva Kristin Prestegård