Sommarferieaktivitetar for barn og unge

Her finn du oversikt over ulike sommarferieaktivitetar for barn og unge i Øygarden. Aktivitetane er støtta av Øygarden kommune og tilskotsmidlar frå Bufdir.

Kollage med ulike sommaraktivitetera for barn og unge - Klikk for stort bilete

 

Kommunalt ferietilbod i samarbeid med lokale aktørar

Påmeldinga opna onsdag 5. juni kl. 12.00. Merk at det er bindande påmelding, og det er ikkje lov å melde eit barn på to aktivitetar som er på same dato. Maks tre aktivitetar per barn for at flest mogleg skal få delta.

Har barnet ditt behov for tilrettelegging på aktiviteten, ta kontakt med oss på e-post ung@oygarden.kommune.no (minner om at ein ikkje skal dele sensitive opplysningar på e-post).

Informasjon om påmelding og pris finn du under kvar aktivitet. Det er førstemann til mølla prinsippet som gjeld.

Juni

  • Aktivitetsdagar på Fjell festning 1. - 4. trinn - FULLT!
  • Aquacamp | 1. - 7. trinn FULLT!
  • Yoga for barn | 1.  - 5. trinn - Temahuset på Straume
  • Lag ditt eige biehotell | 8 - 12 år | Innbyggartorga i kommunen
  • Elektronisk musikkproduksjon – nybyrjarkurs | Frå 15 år
  • E-sporttrening og fysisk aktivitet på Liljevatnet | 6. - 8. trinn
  • Gamingdagar på Sartor Storsenter | Alle klassetrinn
  • JKA Karate Sommer Camp | 8 - 16 år
  • Lasertag og andre aktivitetar | 7. - 10. trinn
  • Sommarkurs i teater og drama | Frå 5. - 10. trinn
  • Matlagningskurs med Riviera Catering | Frå 1. - 10. trinn
  • Coasteering | 5. - 8. trinn - Glesvær kafé - FULLT!
  • Klatring | 2. - 4. trinn | Klatrefeltet i Telavåg
  • Klatring | 5. - 8. trinn | Klatrefeltet i Telavåg
  • SUP og leik | 2. - 4. trinn | Glesvær - FULLT!
  • SUP | 5. - 8. trinn | Glesvær - FULLT!

Juli

August

Arrangørar

Øygarden kulturskule, Riviera Catering, Bona Vita Yoga, Kystleik, Radio Sotra, Sotra Villmarksenter, Bergen Vest Svømmeklubb, Øygarden karateklubb, China Food Ågotnes, Operation Archery E-sport Øygarden, Dale Oen Experience, Circa AS og Øygarden innbyggartorg og bibliotek.

Andre aktivitetar

Plakat for Sommaraktiviteter for barn og unge - Klikk for stort bilete

Barnas Røde Kors

Barnas Røde Kors tilbyr gratisaktivitetar til barn i alderen 6-12 år på Røde Kors-huset, Blombakkane 17, 29. juli til 2. august kl. 17.00 - 20.00. Påmelding og spørsmål: bark@fjellrk.no

Logoen til Spillhuset Øygarden - Klikk for stort bilete

Spillhuset Øygarden

Spillhuset Øygarden tilbyr barn og ungdom ein gratis og open møteplass på Frihuset, der dei kan kome og slappe av, sitje og spele, lese bøker, perle, teikne osb. Kanskje det blir litt gaming. I sommar vil det bli tilbode ein liten versjon av det foreininga har tenkt å tilby seinare. 

Opningstidene er frå 10. til 28. juli, onsdag til søndag, kl. 13.00 til 18.00. 

Det er gratis å delta, og tilbodet gjeld for aldersgruppa 0-26 år. Barn under 10 år skal ha ein ledsagar over 18 år med seg under heile opphaldet.

På Facebooksida til Spillhuset kan du lesa meir

Sommarprogram - Basecamp

Basecamp har ulike GRATIS aktivitetar for ungdom mellom 13 - 20 år. 
På Facebook-sida til Basecamp finn du informasjon om alle aktivitetar
Her kan du melda deg på

Sommar bed Basecamp - Klikk for stort bilete

Sommarles

Sommarles er ein digital lesekampanje for 1. - 7. klasse som varar frå 1. juni til 31. august. På Sommarles.no kan du registrere bøkene du les, samle poeng, få kule premiar og lesetips, lese den eksklusive Sommarles-fortellinga, løyse oppgåver og følgje med på kva venane dine les!

Sommarles 2024 - Klikk for stort bilete